Sterk og stødig - Treningsgrupper for seniorar
Har du lyst til å bli sterkare i beina og betre balansen?
Sterk og stødig er gruppetrening for seniorar, med hovudfokus på styrke i bein og balanse. Tilbodet er for heimebuande eldre som klarer seg godt i eigen heim utan særleg bistand frå kommunen, men som kan erfare ustøheit i enkelte situasjonar eller endringar i funksjon. Treninga varar i 60 min. Etter trening er det tid til ein kopp kaffe og prat. Det er ei treningsavgift på 200kr for semesteret for deltakarane. Ein må vere i stand til å gå utan hjelpemiddel innandørs og komme seg til trening sjølv. Treninga er leia av godkjend Sterk og stødig-instruktør.
Gruppene i Luster kommune:
Gaupne:
- Tysdag kl.10.30-11.30 på Bedehuset
Hafslo:
- Måndagar på Hafslo omsorgssenter
- Gruppe 1. kl. 10.00-11.00
- Felles kaffipause kl 11.00-11.30
- Gruppe 2. kl.11.30-12.30
Solvorn:
- Tysdag kl.11.15-12.15, i gymsalen på skulen
Jostedalen:
- Torsdag kl.11.00-12.00, i Jostedal Samfunnshus
Skjolden:
- Tysdag kl.11.00-12.00, i Fjordstova
Ta kontakt om du har spørsmål.
Laila Kjærvik - kommunal fysioterapeut: 47 80 89 61
laila.kjervik@luster.kommune.no
Kristin Wasshaug - kommunal fysioterapeut: 98 90 38 39