Dans for dei vaksne
Kvar Torsdag på Gaupne skule kl. 18-20.
Seniordans er allsidig mosjon og hyggeleg samvær med andre danseglade vaksne. Det dansast linedance, ringdanser, mixerdanser og partydanser til ulik og variert musikk som vals, tango, reinlender, swing med meir.
Det krevs ikkje danseferdigheiter for å bli med på seniordans. Danseinstruktør tilpassar dansanes vanskeligheitsgrad til deltakarane sine førutsetnader og dansarane hjelper også kvarandre. Dansane er utan hopp og raske dreiningar. Ingen er for gamal, ingen er for ung til å bli med.
Vi dansar vanligvis i 2x45min. med ein hyggelig kaffepause mellom dei to danseperiodane.
Alle kan vera med og ein treng ikkje å vera par! Her er med raude og blå, ikkje ho og han.
Ta med drikke.
kr. 20 per kveld.