Jostedal bygdelag

Så lenge laget har funnest, har Jostedal bygdelag skipa til 17. mai-feiringa i Jostedal samfunnshus. Hausten 2001 sette laget i gang ein vaffelkafe på dugnad tysdag og onsdag i samfunnshuset (mellom haustferie og påske), som har vore ein stor suksess. Bygdelaget driv òg den faste bingoen i bygda, annakvar fredag på Jostedal hotell. Tidleg i 2000-åra sytte bygdelaget for finansiering av brøytinga av Vanndalsvegen til stølen Myri, som er eit mykje brukt utgangspunkt for skiturar (mellom anna til Vangsen). Bygdelaget tok på same tida til å køyre skispor frå Bjønnstegane til Øy forbi Fåbergstølen. Dette har vore to viktige vintersporttiltak. Kring 2000 sytte ei nemnd under bygdelaget for å restaurere den gamle gjetarhytta på Viva i Sprongdalen. Utbetring og oppgradering av det kommunale Jostedal samfunnshus har elles vore viktig, som innkjøp av lyd- og lysanlegg og etablering av sandvolleyballbanar og kunstgrasbane. Bygdelaget er med på å skipe til musikkfestivalen Blåe tonar under breen. Jostedal bygdelag overtok òg kring 2000 ansvaret for Styggevasshytta, som har eit eige styre vald på årsmøtet i bygdelaget.

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

Praktisk informasjon

Adresse:Jostedal, Norge
Kontaktperson:
Følgere av arrangørsiden: 6
Sist oppdatert: 8. august 2026

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.