Frisklivssentralen Sogn

Frisklivssentralen Sogn er ei interkommunal helsefremjande og førebyggande helseteneste for Luster og Sogndal kommune. Frisklivssentralen Sogn gir tilpassa og tidsavgrensa oppfølging gjennom individuell rettleiing og gruppebaserte tilbod. Frisklivssentralen Sogn gir primært støtte til endring av levevanar og meistring av helseutfordringar knytt opp mot fysisk aktivitet, kosthald og snus- og røykeslutt. Frisklivssentralen Sogn kan også gi rettleiing og tilbod knytt til psykiske belastningar, søvnvanskar og risikofylt alkoholbruk. Frisklivssentralen Sogn arbeidar også med førebyggjande arbeid innan desse områda, samt at ein tilbyr ulike læring- og mestringskurs knytt til kosthald, snus- og røykeslutt, depresjonsmeistring, kurs til pårørande for personar med demens m.m. Alle kan få oppfølging av Frisklivssentralen og det er gratis å få oppfølging. Ta kontakt i dag om du lurer på om dette kan vere noko for deg! Me ser fram til å høyre frå deg. Dersom du ynskjer vite meir kan du sjå på nettsida vår: https://www.sogndal.kommune.no/frisklivssentralen.533671.nn.html

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

Praktisk informasjon

Adresse:Luster, Norge
Kontaktperson:
Internettadressesogndal.kommune.no
Følgere av arrangørsiden: 9
Sist oppdatert: 29. oktober 2026

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.