Bruktbutikk og møteplass
På Skattekista kan privatpersonar leige sin eigen stand og selje klede for ungdom og vaksne. Me ønskjer å gi fine klede nytt liv, og gjere det enklare å handle brukt.
Skattekista skal vere meir enn berre ein butikk. Me ønskjer å skape ein lun og inkluderande møteplass der alle kan kjenne seg velkomne. Her kan du stikke innom for ein gratis kopp kaffi eller eit glas saft, slå av ein prat eller berre nyte ei roleg stund – anten du kjem åleine eller saman med andre.